Legg deg hjå meg
Legg deg hjå meg
i mi breie messingseng
Leik deg med meg
i mi breie messingseng
Kva helst av fargar
løynt i hugen din
skal eg få liv i
så du ser dei skin
Steg etter steg
berrføtt uti blomeeng
Bli litt hjå meg
du får meg ør og yr
Blir du til dagen gryr
skal du sjå ein lystig fyr
Litt tunge støvlar
men ei hand så lett
ikring det venaste
den kar'n har sett
Bli litt hjå meg
bli her til dagen gryr
Du drøymde om bryllaupskaka lenge nok
du kan få ein sleik med krem alt no
Så gløym vesle Askepott sitt trappetråkk
nyss fann prinsen ein mista sko
Bli her med meg
senga mi, den er'kje trong
Leik deg, for eg
eg lèt meg kveikje enn ein gong
Av soloppgangen
i mi messingseng
med kjolen slengt
i eit lint refreng
Legg deg hjå meg
så skal du vakne i min song
Bob Dylans Lay, Lady, Lay
i norsk språkdrakt ved
Dj Beichmann


