Eit splitta hjarte

Romanfiguren Kristin Lavransdatter har fascinert og forvirra lesarar i snart hundre år. Ho vel ekteskapet framfor å gå i kloster. Ho vel den tiltrekkande, men vinglete Erlend framfor mannen faren har sett ut til henne. Ho går gjennom eld og vatn, og bokstaveleg talt over lik, for å få viljen sin. Men når ho omsider står ved Erlends side i kyrkja, kva da? Ho begynner å tvile.

Denne tvilen, denne ambivalensen, kampen som står i hjartet mellom kjærleik, plikt- og skuldkjensle, himmelsk lengt og jordisk begjær, er noko av det dette foredraget skal handle om. Brit Bildøen holder årets Undset-forelesning.

Når:Fredag 2. juni kl. 18:00
Hvor:Bjerkebæk
Pris:120 kr
Info:Arrangør: Sigrid Undset-selskapet
 

Gjest

Brit Bildøen

Brit Bildøen er en norsk forfatter og lyriker, oppvokst i Aukra. Bildøen er utdannet som, og har arbeidet som bibliotekar, har studert sosiologi og gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Les mer>