Den årlege kåringa av beste utstillingsvindauge

Den årlege kåringa av beste utstillingsvindauge i Lillehammer sentrum er avgjort.
 
Butikkansatte har brukt fantasi og omtanke og verkeleg gjort seg flid med mange sjarmerande detaljar i utstillinga si. Juryen la vekt på kreativitet, marknadsføring av festivalen, og butikken sine eigne varer.
Særleg godt likte vi Marihøna, Engen, Strand, Plantemiljø, Biblioteket, og Belsvik sine menn!
 
Vinnarane er:
1. Husfliden. 
Juryen var imponert over biletvev-portrettet av Sigrid Undset.
 
2.Panduro.
Herleg harmoni i bruken av garnfargar og plakat.
 
3.Safa.
God bruk av informasjon  for Litteraturfestivalen i vindauget.
 
Tusen takk til alle som deltok!
Til alle andre; ta ein ekstra kikk i butikkvindauga.
 
Juryen var Toril Larsen Bouchikhi, Oda Elisabeth Ormestøyl, Bente Fagerlund.